mandag 5. april 2010

Vårvintringstur


Ein stad i fjellskogen sør i Rennebu. To karar, i det her høvet to brødre, kjempar med pulk og tunge sekkar oppover i lia på jakt etter ein eigna teltplass. Der må vera vatn i nærleiken, nokre tørrgraner å fyra med og plassen må gjerne vera litt open slik at ein har utsyn. På same vis vil ein då kunna sjå bålet leika i mørkret viss ein tar ein kveldstur over myra. Så høyrest saging og hugging av ved. Jubel då det viser seg at det sildrar vatn under all isen og snøen. Eit telt reiser seg. Snart luktar det kaffi. Ei stund etter klyv karane oppover lia mot Ryphø. Ei kveldssol med lovnad om sommar varmar nokre lyngtustar her og der, medan ein kald vind stryk nedover fjellsidene. Seinare, nede ved teltet, eit lite under, ein neslesommarfugl.

Nokre timar seinare leikar nordlyset over himmelen. Ein urlatter, som best kan kallast rå, gjallar mellom åsane. Kva svarten er no på ferde, tenkjer ein forpjuska fjellrev på evig jakt etter forkomne smådyr. To skapnader sit rundt bålet medan ei ugle sit tenksomt på andre sida av myra. Sidan, stille.

Morgonen etter går dei to karane inn i fjellheimen. Dei kjempar ein besett kamp mot vinden. Hundre meter frå toppen, då den eine av dei vert løfta ein halv meter opp i lufta, innser dei at dei kjempar mot noko som er større enn dei sjølve. Med stivt blikk og krokete bein rotar dei seg ned til tryggleiken igjen, den store skogen. Sola sender atter sine raude strålar nedover fjellsidene, før ho fell og sluknar stille i vest. Ei ny natt kjem og med ho stilla. Men dei to karane sit atter og skråler rundt bålet under stjernene.

Natta etter sit ugla i eit tre over eit stort hol i snøen med nokre svarte kolbitar i. Ho ser utover myra. Nordlyset leikar stille og ein neslesommarfugl har nett lagt sine egg i nærleiken. Reven ristar på halen og det pip i ei lita hole på andre sida av myra. Snart kjem vår. Snart kjem sumar. Så haust, vinter, og vår igjen.